– Eg har høyrt at NRK planlegg å utelate partiet Raudt frå partileiardebatten og valgomaten. Ein kan ikkje utelukke parti som deltek i alle fylkestingsvala i landet under partileiardebatten i eit lokalval-år, seier Anders Hamre Sveen til Fjordingen.

Sveen er busett i Stryn og nestleiar i Raaudt i Sogn og Fjordane.

Også andre parti

Han understrekar at klagen ikkje berre gjeld partiet Raudt, men samtlege parti som stiller liste i alle fylke ved fylkestingsvalet og samstundes vert utestengt frå NRK sin partileiardebatt.

- Vi vil at NRK skal vere rettferdige med alle partia. Det vi vil er at NRK sine reglar for partileiardebatten skal vere relevante for eit lokalval. Om det er fleire parti som både er med i alle fylkestingsvala og er stengt ute frå partileiardebatten, så bør dei òg få vere med, seier han.

Styrkje demokratiet

I klagen han har sendt til Kringkastingsrådet skriv han at avgjerda om å utelate partiet Raudt frå partileiardebatten er eit soleklart brot på NRK sine eigne vedtekter. Han viser mellom anna til paragraf 12, der det heiter at NRK skal understøtte og styrke demokratiet, bidra til å fremje den offentlege samtalen og medverke til at heile befolkninga får tilstrekkeleg informasjon til å kunen vere aktivt med i demotratiske prosessar. Vidare heiter det mellom anna at NRK skal ha ei brei og balansert dekkjing av politiske val, og at samtlege parti over ein viss storleik normalt skal omtalast i den redaksjonelle valdekninga.

Har sendt klage: Anders Hamre Sveen er nestleiar i Raudt i Sogn og Fjordane, og har sendt klage etter at han fekk høyre at NRK vil utelate partiet frå partileiardebatten til hausten.

Seier seg sjølv

– Raudt deltek i alle fylkestingsvala i år og må difor verte sett på som eit nasjonalt parti lokalvalet i år. Då seier det seg sjølv at NRK må la Raudt delta i partileiardebatten og at Raudt skal vere med i NRK sin valgomat, skriv Anders Hamre Sveen i klagen.

Vidare viser han til paragraf 100 i Grunnlova om at dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og offentleg ordskifte. – NRK si oppgåve som statleg eigd mediebedrift er å lage eit breitt medietilbod for alle som bur i Norge, skriv Sveen i klagen til Kringkastingsrådet.