Laurdag er det klart for årets store kulturhending for og med ungdom i indre Nordfjord. Då går Ungdommens Kulturmønstring Stryn og Hornindal av stabelen i Stryn kulturhus.
- Det blir kjempekjekt. Vi gler oss veldig, men er litt spente også, seier årets programleiarar, Maria Bødal frå Loen og Helga Vik Skrede frå Stryn. Dei håpar på fullt hus for stormønstringa av ungdommeleg kulturaktivitet.
- Vi har sjølve både vore deltakarar og site i salen og heia på venninner. Det er utruleg kjekt å sjå alt det bra ungdom frå distriktet har å vise fram, seier dei to programleiarane.
Saman skal dei lose totalt 23 sceneinnslag frå Stryn og Hornindal gjennom programmet.
Det blir også ei rikhalding utstilling, med 34 utstillarar frå Stryn ( inkludert 6. klog 7. kl frå Tonning skule) og 8utstillarar frå Hornindal.