Ledige offshorearbeidarar konkurrerer om jobbane i ferjeselskapa. Søkjarbunkane har knapt vore høgare.
– Vi får telefonar dagleg frå folk som lurer på om vi har ledige jobbar, seier HR-rådgjevar Linda Husebø i Norled til Sunnmørsposten.
– Tidlegare så sleit vi til dømes med å få søkjarar til ledige maskinsjefstillingar. Av og til var det ikkje ein einaste søkjar. Nyleg fekk vi 25 søkjarar til ei ledig maskinsjefstilling på Sunnmøre, fortel HR-leiar Cicilie Færestrand i Fjord 1 til avisa.
Nyleg hadde Fjord 1 ei ledig stilling som overstyrmann på strekninga Stranda-Liabygda. Det kom inn 55 søknader. Og på ei tilsvarande stilling på strekninga Festøya– Solevåg var det 77 søkjarar.
Men også til matrosstillingar er det kamp om jobbane. Då Fjord 1 hadde ei ledig stilling som matros i Sogn, var det 73 som melde sin interesse. I Norled var det 51 som søkte på ei stilling som matrosvikar og 63 som søkte på ein skipperjobb. (©NPK)