I høve montering av ei 73 meter høg vindmast ved Frøholm på fv 60 er det innført manuell dirigering på staden medan arbeidet pågår.

Arbeidet tok til onsdag føremiddag.

Foto: Roger Oldeide

Ei 73 meter høg mast ved Frøholm på sørsida av Faleidsfjorden og ei 63 meter høg mast ved Lundestranda på nordsida skal måle vinden i tre-fem år framover.

Bakgrunnen er planlegging av den 1.760 meter lange Nordfjordbrua mellom Frøholm og Svarstad i høve E39-prosjektet Byrkjelo-Svarstad.

Foto: Roger Oldeide