– I jula har eg hatt besøk av ein fugl som eg lurer på om nokon kan kjenne til. Den liknar og oppfører seg som ein dompap, men manglar litt av fargedrakta. Kan det vere ein albino, eller er det leucisme, spør Gunn-Bente Skåden, som sende inn dette bildet til Fjordingen.

No har fleire av lesarane til kome med forslag til fugleart. Det kom mange innspel, men dei fleste landa på at dette truleg er ein korsnebb. Truleg ein furukorsnebb som tilhøyrer finkefamilien.

I følgje svar som fotografen har fått frå fuglenettstaden miljolare.no i ettertid, er det ikkje ein albino dompap, som er svært sjeldan. Dei trur heller det er ein leucistisk dompap. Det vil seie at ein del av fjørene ikkje har tatt opp fargestoff når dei har vakse ut.