Dagleg leiar Ola Flo seier sommarskisenteret tapte store inntekter som følgje av ufrivilleg stenging onsdag. Foto: Bengt Flaten

Heisanlegget på Tystigen stod bom stille frå onsdag morgon, etter at Taubanetilsynet tok kontakt tysdag ettermiddag med beskjed om at sommarskisenteret ikkje hadde konsesjonen i orden. Problemet vart løyst i løpet av dagen, slik at skisenteret kune opne att onsdag ettermiddag.

- Vi sendte alle dokument til fylkesmannen i mai, og rekna med at alt skulle vere i orden. Meldinga frå Taubanetilsynet kom som lyn frå kar himmel, seier Ola Flo, dagleg leiar ved sommarskisenteret. Han legg til at skisenteret tapte store inntekter som følgje av ufrivilleg stogg.

- Sommarskisenteret har sendt dei dokumenta dei skulle. Grunna langtidssjukmelding hos sakshandsamaren ved fylkesmannen er ikkje denne saka fanga godt nok opp. Dermed har ikkje vi sendt dei papira vi skulle vidare til Taubanekontrollen, seier administrasjonssjef Jorunn Felde.

- Har ikkje sommarskisenteret gjort ein feil ved å starte opp utan å få beskjed om at konsesjonen faktisk var på plass?

- Nei, sommarskisenteret har gjort det dei skulle. Det er eg som har gjort feil, og det må eg berre beklage. Fylkesmannen framstår ikkje som veldig ryddige i denne saka, seier ein svært audmjuk Jorunn Felde.

Les meir i papirutgåva