Fjordingen har den siste tida investert store summar i nytt sendeutstyr for Radio Stryn. Likevel har vi hatt problem med sendingane dei to siste bingo-omgangane. Torsdag måtte vi avlyse sendinga fordi den ikkje nådde ut til Hornindal.

Sendingane frå Radio Stryn går ut frå studio i Stryn sentrum til omformar på Hogden. Derifrå vert signal sendt ut vidare i nær sagt alle retningar til andre omformarar i distriktet.

Signalstyrken frå Hogden særleg til Furefjerding har vore marginal den siste tida. Difor går vi no til det steg å byte ut sendeutstyret på Hogden. I samarbeid med Stryn Energi vil vi i løpet av veka få på plass ny mast på Hogden og nytt sendeutstyr. Håpet er å ha alt klart til komande veke, men denne veka vert det mest sannsynleg ikkje mogleg å gjennomføre bingosending. Skulle vi likevel få alt på plass til torsdag, vil vi varsle om dette seinast i onsdagsavisa.

Fjordingen og Radio Stryn beklagar på det sterkaste dei problem som har oppstått med sendeutstyret og at fleire bingosendingar har gått ut på grunn av dette. Med nytt utstyr på ny mast på Hogden, håpar vi at sendeproblema skal vere løyst.