Prosjektleiar Jørn Sønsterudbråten har sendt ballen over til Gro Flølo og Farmhouse i utforminga av fellessats-inga Design Stryn.

Det heile starta før Strynemessa i fjor då ein del stryneverksemder markerte seg og sin design ved å halde ope hus under messa. Det var John Herman Foss Hagen som tok initiativet, og etter dette vart det sett ned ei prosjektgruppe der han sjølv vart prosjektansvarleg.

Poenget med det heile er å kunne samle merkevaren Stryn. Merkevaren Stryn er i stadig utvikling, og per i dag handlar det først og fremst om design. Dette skal setjast i system, seier Gro Flølo og Jørn Sønsterudbråten.

Les meir i papirutgåva