– Alistair Pow var ein kjær ven som er djupt sakna, seier Karin Suzanne Cupper, som i sommar har gjeve ut spenningsromanen «Angus Ramsey», dedisert til nettopp den tidlegare, no avdøde, kantoren og organisten i Stryn.

I boka møter lesaren Angus Ramsey, ein skotte som har gått i dekning på landsbygda i Norge etter å ha vore vitne til ei alvorleg kriminell handling. Han er no truga på livet, og MI5-agent Tony Caruso reiser til Norge for å finne Ramsey. Turen fører han både til Ottadalen og Nordfjord.

Boka om Angus Ramsey er skriven på engelsk, og er utgjeven av Grosvenor House Publishing Ltd i England.

Forfattar Karin Suzanne Cupper er fødd og oppvaksen i England og har budd på Nordfjordeid sidan 80-talet. Ho har tidlegare gjeve ut serien «Adventures from Eidland».

Alistair Pow var organist og kantor i Stryn, og boka om Angus Ramsey er tileigna han. Foto: Svein Sindre