Godt over 1.000 små og store kom fredag ettermiddag til Stryn vidaregåande skule for å ynskje elden til ungdoms-OL velkomen til bygda. Det var rørande å sjå born og unge med flaggborg syne at Stryn er ein kommune der 50 nasjonalistetar lever godt saman.
Fotograf Fredrik Ahlsen som reiser med OL-stafetten kring om i landet, meiner dette verkeleg vil bli lagt merke til av alle. Arrangørane var også imponert over frammøtet der Lorentz Fannemel etter litt plunder med utstyret fekk tent OL-elden. Han er kåra til fylket sin unge eldsjel i Sogn og Fjordane og skal vere fakkelberar under Ungdoms-OL i Lillehammer i neste månad.