Kommunedelplanen for Olden skal opp i Stryn formannskap i dag etter at han no har lege ute til andre gongs offentleg ettersyn. Fylkesmannen har no trekt begge motsegna til planen, noko som gjev grunnlag for vedtak.

Fylkesmannen har konstatert at kommunen har gjort fleire endringar i planforslaget som har gjeve grunnlag for å trekkje motsegnene. Område er tekne ut av forslaget, og føresegnene er omarbeidde.

Ved første gongs offentleg ettersyn fremja Fylkesmannen motsegn mot flytekai/seawalk utanfor elvemunninga med bakgrunn i at tiltaket var konfliiktfylt for laks og sjøaure. I tillegg vart faren vurdert som stor når det gjaldt frigjering av ureina sediment. Fylkesmannen har registrert av det nye forslaget at både flytekaia/seawalken ved Oldenleirane og fastkaia ved Skarstein er tekne ut. Grunnlaget deira for motsegna på dette punkt er derfor vekke.

Planen er at kommunedelplanen skal vedtakast i kommunestyret neste torsdag.