Drift av cruisekaia i Olden har i mange år vore og er framleis eit tema prega av splid og krefter som jobbar mot kvarandre. Før jul låg alt til rette for signering av ei avtale mellom Stryn kommune og Nordfjord Havn som ville gje Nordfjord Havn full råderett over all landbasert cruiseaktivitet i Olden. Då formannskapet handsama saka, vart det tilrådd å gje ordføraren fullmakt til å signere. Men då saka vart handsama av kommunestyret, førte sterkt press utanfrå til utsetjing av saka.

Rett før kommunestyremøtet i desember dukka ei lokal gruppering opp og sa dei vil overta cruiseaktiviteten. Det inneber og at dei vil kjøpe ut Nordfjord Havn. Det eine spesielle er at grupperinga ikkje vil fortelje kven som sit i interimstyret. Verken til Fjordingen eller til ordføraren på hans direkte forespørsel. Det andre spesielle er at grupperinga vil overta ei cruisekai som er eigd av andre, og der eigaren slett ikkje har sagt at dei ønskjer å selje. Snarare tvert i mot gjer styreleiaren i Nordfjord Havn det klart at sal av cruisekaia aldri har vore tema.

Med utsetjinga i desember står saka kring drift og avtaler rundt cruisekaia i stampe sjø. Nordfjord Havn er eigar av kaia medan Stryn kommune eig landarealet mellom kaia og fylkesvegen. På utsida står grupperinga som meiner dei er betre skikka enn andre til å drifte cruiseaktiviteten – på andre sin eigedom.

Det er umogleg å vite noko som helst om kva kvalitetar og kompetanse ei gruppering som ikkje vil fortelje kven dei er, kan ha om drift av cruisekaia. Det er og høgst forståeleg at ordføraren ikkje vil forhandle med nokon han ikkje veit kven er. Mange lokale aktørar har sitt virke rundt drift av cruisekaia sjølv om Nordfjord Havn er drivar. Slik vil det truleg vere også i framtida. For vidare utvikling og sikring av aktiviteten ved cruisekaia, er det viktig at cruisesaka no vert losa trygt i hamn. Då må eigarane signere og bli vist nødvendig tillit.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør