Ulrik Flo valde å forlate Sogndal til fordel for Odd halvvegs i fjorårssesongen. Det etter ni år i lærumland.
Men det vart eit kort opphald i Skien for stryningen. Då haustsesongen var over takka han for seg.
- Det var absolutt ein klubb eg kunne tenkt meg å spele i. Men Oliver Ocean som var skada då eg skreiv under, vart frisk rett etter at eg kom og trenaren var så glad i han, seier Flo.
Trena med Brann
Når Fjordingen snakkar med 27-åringen har han akkurat avslutta eit treningsopphald i Brann. Men førebels har ikkje det resultert i så mykje meir enn lovord frå trenar Lars Arne Nilsen.
- Dei har uttrykt at dei er nøgde med det dei har sett, seier Flo.
Feit slask
Han har prøvd å halde formen best muleg ved like, trass at han har stått utan klubb etter opphaldet i Odd.
- Det er viktig at eg held meg i form visst noko skulle dukke opp. Eg kan ikkje kome som ein feit slask og andpusten på trening då, ler Flo.
Han seier at fleire klubbar har synt interesse, men vil ikkje ut med namn. At det nærmar seg sesongstart og han manglar ei drakt å ikle seg, stressar han ikkje.
– Eg skulle helst fått spikra ein klubb så raskt som råd og fått fast inntekt. Men eg ønskjer å ta ei god avgjerdsle og ikkje forhaste meg. Eg vil til ein klubb der eg får brukt mine kvalitetar, seier han og legg til.
– Eg stressar ikkje. Flo-alderen i fotball ligg på 40 år, humrar han.