Det vart ikkje heilt det resultatet Aksel Mathias Meland hadde håpa, då han gjekk norgescup på heimebane laurdag. På normaldistansen 12,5 kilometer vart det til saman sju bomskot på dei fire seriane. Det heldt til ein 12.plass 2.47 min. bak vinnaren Magnus Mørk frå Ivrig IL.

Den prestasjonen var ikkje 17-åringen nøgd med. Han brukar gjerne å kjempe om dei øvste plassane.

- Nei, liggskytinga var alt for dårleg med fem bom. I sporet følte eg det gjekk bra, oppsummerte ein mellomnøgd, Meland.

Vegard Skrede frå Hardbagg gjekk eit godkjent løp i den same klassen. Litt mange bom vart det også på han (6), men ein 24. plass let seg høyre mellom dei omlag 70 startande i denne årsklassen.

Nordfjord var godt representert i 18-årsklassen men her må ein lenger ned på lista før ein finn lokale løparar. Isak Hopland vart beste lokale med 43. plass. Han skaut 9 bom og var 9.04 bak vinnaren Mathias Skrede frå Geilo.

Etternamnet gjorde at Fjordingen måtte frette ut om vinnaren hadde anar frå Nordfjord, men det kunne han ikkje svare sikkert på.

- Eg veit faktisk ikkje. Det er mange som har spurt meg det spørsmålet her, smilte den nøgde vinnaren etter målgang.

Dei eldste juniorklassane og seniorløparane går sine renn seinare i ettermiddag.