Kva gjer ein dersom Hornindal bestemmer seg for å bli ein del av Volda/Ørsta - utan at Stryn fylgjer med? Dette temaet vart drøfta på formannskapsmøtet i Innvik.
Etter at Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn parkerte forslaget til intensjonsavtale fordi ingen av ordførarane i Eid, Gloppen og Stryn var villige til å gje frå seg rådhusfunksjonen, har det kome forslag på nytt inntektssystem som endrar økonomiske føresetnader.
- Både Eid, Gloppen og Stryn vil tape pengar dersom det nye inntektssystemet vert vedteke. Men ved å slå seg saman med ein eller fleire kommunar, får ein behalde dagens inntektsnivå i 15 + 5 år. Og då snakkar vi om mykje pengar. Dette kan vere riset bak spegelen, sa rådmann Per Kristian Storevik.
- Ja, og nettopp av den grunn er tidsperspektivet i forhold til prosessen mot Hornindal viktig, repliserte Per Kjøllesdal (Sp).
Ordførar Sven Flo (H): - Hornindal sit med nøkkelen. Viss dei åleine går til Ørsta /Volda , har ikkje Stryn alternativ. Men det kan sjølvsagt skje at vi børstar støv av det vi har sagt nei til når Eid, Gloppen og Stryn innser at "oi, her taper vi mykje pengar". Så då kan det bli at vi opnar dører som i utgangspunktet var låste.