Iggy Pop, Yelawolf, Kvelertak, Sivert Høyem, OnklP & De Fjerne Slektningene og Vintage Trouble er blant hovudartistane under årets Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid 21.-23. juli.Arrangørane kan by på mykje livesnadder, og eit spennande og typete artistprogram.- Vi er veldig fornøgde med heilheita i årets program. Det har eit tydeleg rockeavtrykk slik Malakoff- programmet skal vere, med sterke rockenamn som Iggy Pop, Gojira, Kvelertak, Cancer Bats, Sivert Høyem, Vintage Trouble, Vreid, The Good The bad And The Zugly, The Dogs, Yuma Sun og Tiebreaker på plakaten. Samtidig er variasjonen sikra gjennom eit herleg knippe internasjonale og nasjonale artistar som Matoma, Yelawolf, Gogol Bordello, Gabrielle, Odd Nordstoga, Bendik, Kakkmaddafakka, Lovespeake, med fleire, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.Årets artistprogram legg grunnlaget for fantastiske liveopplevingar, unik Malakoff-stemning med 5000 personar på festivalcamp og over 20.000 publikummerar.- Å få besøk av sjølvaste rockeikonet Iggy Pop på vesle Nordfjordeid er absurd, men noko vi gledar oss enormt til. Vi har forventning om at 2016-utgåva av Malakoff vert episk på alle måtar, seier Naustdal.

Laurdagen blir det tidenes rockedag med Iggy Pop, Gojira, Kvelertak, Vreid, The Good The Bad And The Zugly og Tiebreaker.Dette er artistane som supplerer festivalprogrammet til Malakoff16:KVELERTAK / SIVERT HØYEM / MATOMA / THE GOOD THE BAD AND THE ZUGLY / GABRIELLE / VREID / BENDIK / TIEBREAKER / HJERTESLAG / BASKERY (S) / LOVESPEAKE / THE DOGS / YUMA SUN / ALEKS GREY