Konstituert fylkesdirektør for tannhelsetenesta i fylket, Clara Øberg, fortalde i NRK førre veke at ho vil tilrå å leggje ned 13 tannklinikkar i Sogn og Fjordane. Både for å spare pengar og for å gjere «eit fagleg grep for framtida».  Det gjekk ikkje mange minutt frå nyheita var ute til dei første reaksjonane kom. Dei var både unisone og klare.

Tannklinikken både i Hornindal og Innvik står på  Øberg si nedleggings-liste. Saka er berre at desse klinikkane ikkje er sjølvstendige kontor, men ambuleringsklinikkar under Stryn tannklinikk. Det betyr at tannhelsepersonell reiser frå Stryn to dagar i veka for å gje teneste til brukarane i Hornindal og Vikane i staden for at alle brukarane skal måtte køyre eller bli køyrde til Stryn.

Clara Øberg seier ein må tenkje nytt i tannhelsetenesta. Sentralisering er med respekt å melde ikkje å tenkje nytt. Derimot bør fylkesdirektøren tenkje på nytt. Til dømes på kva kostnader det vil medføre om dei eldre som i dag har tannklinikken sin under same tak eller nær ved der dei bur, skal måtte ha offentleg transport og følgjeteneste til Stryn, kanskje også med ambulanse, for å få det tilbodet dei har krav på. Det offentlege pliktar og å gje skuleborn opp til 18 år gratis tannhelsetilbod. Fordi ein tannlege eller tannpleiar køyrer til Hornindal og Innvik og samlar pasientane sine to dagar i veka, kan dei unge få dette tilbodet utan å bruke mykje av skuletida. Og ofte utan at foreldre må ta seg fri for å vere med. Skal alle måtte køyre til Stryn, må mange ta drosje på fylkeskommunen si rekning. Eller foreldre må ta seg fri for å vere med. Uansett går mykje meir av skule- og arbeidsdag til spille. Det er dårleg samfunnsøkonomi.

Øberg har vore styreleiar i Helse Førde - eit føretak som etablerte ordningar der spesialistar frå større sjukehus reiser til mindre sjukehus nokre dagar i månaden for å gje tilbod nær der pasienten bur. Dette fordi det er rimelegare å flytte ein person enn mange. Det er å tenkje nytt og samfunnsøkonomisk. Forslaget om å leggje ned tannklinikk-tilboda i Hornindal og Innvik er det stikk motsette.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør