Ikkje uventa synte guteklubben frå Stryn att når dei i dag inntok skiskytter-VM i Holmenkollen. Også TV2 vart nysgjerrige på den mannsterke gjengen som stillte i grøne luer for anledninga.

Fleire av karane hadde fått måla bokstav på magen, som til saman utgjorde J-O-H-A-N-N-E-S.

TV2-reporter Harald Bredeli tilbaud også å hjelpe.

- Dersom de manglar ein bokstav kan eg stille vomma til disposisjon, spøka Bredeli til stor latter frå Ping Pong medlemmane. Men Marius Flo tok tilbodet på alvor. Framfor fleire hundre TV-sjåarar teikna han med tjukk tusj ein stor O på magen til TV2-reportaren.

- Var det kun til ære for TV2 eller var det bare overkroppar også undervegs i løpet, spør vi Adrian Lefdal som utgjorde A-en.

- Vi "flasha" på tribuna fleire gongar undervegs i løpet også, forsikrar han Fjordingen, og legg til.

- Det var kjempesynd Johannes og Tarjei bomma, for dei var i god form, og dei hadde jo tidenes heiagjeng! Vi hadde ropert og skapte fantastisk stemning.

Ikkje mindre enn fem minutt vart det spandert i sendetid på friskusane frå Stryn, som også veit å by på seg sjølv utanfor heimbygda.

Sjå innslaget her

Stryn Ping Pong Club byr på seg sjølve også utanfor strynebygda. Her frå TV2 sitt innslag før herresprinten. Foto: Skjermdump frå TV2.no