Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, fekk til dels krasse verbale spark frå nabofylket i sør før helga, då han overfor NRK Sogn og Fjordane uttalte at det er feil av forkjemparane for Hemsedalsfjellet som stamveg mellom Oslo og Bergen å rekne Sunnmøre inn i deira trafikkgrunnlag. Aasen og Møre og Romsdal har gjennom Vestlandsrådet tidlegare støtta Hemsedalsfjellet som stamveg framfor Hardangervidda. Men før helga tok han bladet frå munnen og sa at næringstransporten frå Møre og Romsdal ikkje vil gå over Hemsedal, men Strynefjellsvegen.

«Vi reagerer litt negativt på at ein reknar inn Møre og Romsdal og særleg næringstransporten over Hemsedal. Vårt fokus er veldig tydeleg på Strynefjellet», sa Aasen til NRK. Og fekk følgjande verbale kraftsalve tilbake frå Eid-ordførar Alfred Bjørlo: «Dessverre ser Jon Aasen på Sogn og Fjordane som eit slags uinteressant indianarreservat som ein berre skal køyre raskast mogleg gjennom, og der utvikling ikkje betyr noko».

Transportnæringa sine logistikkpunkt ligg i stor grad nord for Oslo, langs ein E6 som er under kontinuerleg utbygging. Med det resultat at reisetida frå Nordvestlandet til Oslo stadig blir korta inn. Difor er det sjølvsagt at Strynefjellsvegen er og blir ein viktig veg for Nordfjord og Sunnmøre. Strynefjellsvegen er tilførselsveg til E6 og har fått auka årsdøgnstrafikk dei seinare åra. Difor er det og feil å problematisere at Aasen og mange med han kjempar for nødvendig rassikring av Strynefjellsvegen. Det vert og feil å setje kampen for Strynefjellsvegen opp mot Hemsedal. Strynefjellsvegen er ikkje eit alternativ for stamveg Oslo-Bergen. Den kampen står mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda. Uavhengig av kva trase som vert vald som stamveg Bergen-Oslo, må det vere legalt å seie i frå at opprusting av Strynefjellsvegen er nødvendig. På same måte som det er naturleg å støtte Hemsedalsfjellet blant dei to stamvegalternativa for Oslo-Bergen, hadde det tent regionen med noko større politisk engasjement også for Strynefjellsvegen.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør