kl. 1316 vart det meldt om ei trafikkulykke på Fjordvegen ved Marsåvika mellom Loen og Stryn.

Ifølge politiet er det tre bilar involvert der den eine bilen ligg på sida. Totalt 9 personar er involvert og alle er ute av køyretøya, vakne og bevisste.

Brannvesenet har sikra skadestaden.

– Framstår som mindre alvorleg personskade. Helse ivaretek dei involverte, opplyser 110 Vest på Twitter.

Ifølge politiet skal det vere passasje for bilar forbi ulukkesstaden.