Turen starta frå Hornindal kl. 9 og plukka opp folk i Stryn, Loen, Olden og Innvik.
Første stopp var Skei. Der vart det servert eple (frå Jostein Hilde), pærer (frå Arne Rake) og banan (frå Kiwi i Stryn).
Det vart også servert kaffi med noko attåt. Neste stopp var Lærdal, der fekk vi karbonade og kaffi på kafeen Kort og Godt.
Men det regna og regna.
Ned mot Nesbyen såg vi ødeleggelsane som uvêret «Hans» hadde gjort. Elvebreddene var fremdeles fulle av trestokkar og høyballar.
Vi såg fleire campingplassar som hadde vore oversvømde. I Nesbyen var mange hus ikkje brukande å bu i.
Frå Nesbyen gjekk det opp Rukkedalen til Ranten hotell.
Vi ankom hotellet kl. 17. Regn og regn!
God middag, og det vart tidleg kveld.
Dag to: Vi vakna til strålande sol. Bussen køyrde oss til Nesbyen, for dei som ville «shoppe». Så gjekk turen vidare til Hallingdal Museum. Mange fine gamle hus. Dei hadde flott tømmer, og husa var rikt dekorert. Der var også bunad- og draktutstilling. Vi fekk alt for lita tid på museet.
Til lunsj var vi på Nystølkroken. Den låg 1.000 m over havet. Der kunne vi kjøpe rømmegraut og vafler og suvenirar. Der vart det julestemning, for det snøva tett.
Tilbake til hotellet var det god middag.
Dag tre: Sol i dag også, men det hadde vore frost om natta. Det vart litt diskusjon med frukosten om kva vi skulle fylle dagen med. Nokre ville til Langedrag, nokre gå tur og resten køyrde med bussen til Gol. Så møttest vi på hytta til «Lillebet», der fekk vi kaffi og vafler. Ei stor hytte som låg ved Mykingsjøen, nokre km frå hotellet. Frå Nesbyen og opp til hotellet var det ca 350 fastbuande og mange hytter.
Så var det tilbake til hotellet der det var middag, klubb, litt uventa, men godt. Praten gjekk utover kvelden, sosialt og fint.
Avreise heim fredag 13. oktober kl. 9. Alle møtte presis. Neste stopp var Sogndal hotell, der vart det lunsj.
Stor takk til sjåføren Sigbjørn Hamre, som køyrde stødig og godt. Takk også til Astrid Elisabet Hamre, «Lillebet», for guiding. Og ho tok oss godt imot på hytta dei har i Rukkedalen. Familien kjem frå området der.
Vi hadde ein flott tur, og nyttar høvet til å ønskje endå fleire medlemmar velkomne i det trivelege laget vårt.
For Stryn og Hornindal Pensjonistlag
Jorunn Sollid