Mannen var på veg frå Stryn retning Innvik då ulukka skjedde ved 17.30-tida søndag.

- I følgje vitner som såg ulukka skjedde den rett før 50-sona i Innvik sentrum, på ein stad der vegen vert smalare. Motorsyklisten møtte ein bil i dette området og la seg litt ut. Dermed mista han kontrollen over sykkelen og køyrde av vegen. Mannen som køyrde vart liggjande i krattskogen ned mot fjorden, opplyser politibetjent Kristin Akerholt til Fjordingen.

Ambulanse kom forbi

Til alt hell kom ein ambulanse som ikkje var på oppdrag forbi ulukkesstaden kort tid etter utforkøyringa. Dermed kom mannen under rask og kyndig hjelp. Ambulansepersonellet vurderte skadeomfanget som så alvorleg at ambulansehelikopter vart rekvirert. Mannen vart sendt først til Førde sentralsjukehus og deretter til Haukeland med helikopter.

Brotskader

Politibetjent Akerholt seier mannen er alvorleg, men ikkje livstruande skadd. Han vart påført fleire brot ulike stader på kroppen som følgje av utforkøyringa.