Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, la måndag fram forslaget sitt til framtidig organisering av spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane. Eit forslag som vil bli handsama av styret i Helse Førde fredag denne veka.

Bolstad vil gjere Nordfjord sjukehus om til dagsjukehus med dagbehandling og poliklinikktilbod med ambulerande personell frå Førde sentralsjukehus. Det betyr at all akuttberedsskap blir avvikla og sentralisert til Førde. Det betyr og at all kirurgisk aktivitet som krev narkose blir avvikla på Nordfjordeid og sentralisert til Førde.

I modellen Bolstad går inn for, vert også fødetilbodet i Nordfjord avvikla. Men Bolstad meiner denne modellen inneber såpass store endringar at han vil ha ei mellomfase som fort kan strekkje seg over fleire år. I denne fasen ønskjer han ein sengepost på Nordfjord sjukehus og han vil behalde fødetilbodet, men i form av ei jordmorstyrt fødestove. Han vonar dessutan at det også i den endelege modellen vil vere rom for å behalde ein sengepost, i samarbeid med kommunane.

Har du i forslaget ditt drøfta eventuelt samarbeid med Volda sjukehus?

Nei, Volda er ikkje trekt inn. Det er utydeleg og usikkert kva Helse Sunnmøre gjer i Volda. Når vi vil vidareføre fødetilbod i form av jordmorstyrt fødestove i Nordfjord, er det ikkje kritisk for oss kva som skjer i Volda. Men det er eit element for oss kva som skjer i Volda, også i forhold til nye kommunikasjonar. Så må vi også avvente kva den nasjonale strategien for fødselsomsorg seier. Det får vi vite til hausten. Magefølelsen min er at det er for dramatisk å ta fødetilbodet heilt vekk i dag, seier Bolstad.

Bolstad ønskjer å leggje ned den forsterka fødestova i Lærdal med ein gong, men vil la Lærdal behalde ortopeditilbodet i ein overgangsfase.

Les meir i papirutgåva.