- Vi brukte gårsdagen til å få ein oversikt over konsekvensane ved at fleire personar ved sjukehuset var tekne ut i streik. Det viser seg no at vi kan ta i mot dei aller fleste og difor ber vi pasientane om å møte som normalt, uansett poliklinikk.

Det seier klinikkdirektørane ved medisinsk og kirurgisk klinikk, Arve Varden og Tore Dvergsdal i ei pressemelding.

32 tilsette organisert i Delta er ute i streik med mål å om lik løn for likt arbeid i offentleg sektor. Så langt er Førde sentralsjukehus einaste sjukehuset i fylket som er råka av streiken.