I dag vil Jan Ove Standal frå Stryn Turn & IL, sykkel, freiste å kapre ein VM-medalje når landevegsritt står på programmet i Trento i Italia. Standal syklar i klassen 40-44 år i VM for amatørar og veteranar.

Han synte veldig god form då han vart nummer fem på temporittet fredag. Det i konkurranse med omlag 60 løparar i hans årsklasse. Standal vart forøvrig beste nordmann på distansen, uansett aldersklasse.

Rittet i dag går over 112 kilometer og har til saman heile 3.000 høgdemetrar med stigning, noko som burde passe den klatreglade syklisten godt. Kor godt får vi svaret på tidleg i ettermiddag.