- Det vil velte heile lasset med omsyn til logistikken dersom bussane vert stengde ute frå kaia, hevda Bjørg Næss i Geiranger og Nordfjord Cruise Handling på det opne møtet som Nordfjord Havn IKS arrangerte i Olden.

Spørsmålet om bussar (og tog) skal få bruke kaia på same måte som hittil, eller om på- og avstigning skal skje på Myklebusttomta 650 meter lenger inne, er stridstema i forhold til avtalen mellom Nordfjord Havn IKS og Stryn kommune. Ein avtale som vil gje det interkommunale hamneselskapet full råderett over alt landbasert areal knytt til cruiseaktiviteten i Olden.

- Dersom turistane skal måtte gå 650 meter inn til Myklebusttomta før dei kjem i bussane vil tidsskjemaet sprekke, var den klare meldinga frå Bjørg Næss.

Avtalen mellom Stryn kommune og Nordfjord Havn IKS vert handsama av Stryn kommunestyre på møtet 11. februar.