Stryn kino sette ny besøksrekord i fjor med 13.962 selde billettar.

Dette gjer Stryn til den best besøkte kinoen i Nordfjord. Tal frå fjoråret viser at Eid kino hadde 11.688 besøkande, kinoen i Gloppen selde 9.822 billettar medan 6.703 er talet hos kinoen i Måløy.

– Dette er det beste besøkstalet til kinoen nokon gong, så det synest vi er veldig kjekt. Vi er sjølvsagt godt fornøgde med kinobesøket for 2015, så målet for 2016 må vere å passere 14.000, seier kulturhusleiar Kari-Ann Kaspersen.