Eit styrkeløft-miljø har teke form i Stryn, og i spissen for det heile finn vi ein "gammal ringrev", Rune Berger.

Den vesle kraftpluggen, som opphaveleg kjem frå Halden, kan skilte med fleire NM-gull, norgesrekordar og EM medaljar. To kveldar i veka er han med og coacher over vektene på Gym Stryn. No har 48-åringen fått blod på tann - også på eigne vegne.

- Ja, eg har tenkt å prøve eit comeback etter kvart. Fram mot våren. Eg har trent ganske bra det siste halve året, seier den tidlegare sølvmedaljevinnaren frå EM. Stiller han opp i NM er det veteranklassen som gjeld.

- Yngre veteran, gliser han, med tyngd på det første ordet.

Teknikk viktig

Berger tykkjer det er moro å sjå at eit styrkeløftmiljø er i ferd med å blomstre fram.

- Eg ser lyst på dette og trur det kan bli veldig bra, smiler han, og meiner det finst mange talent i gruppa allereie. Rettleiing og fokus på teknikk vil vere viktig for korleis dei utviklar seg.

- Eg er med og coacher to dagar i veka og då har vi fokus på teknikk, for det er det viktigaste med dette. Det er fordel å trene i gruppe slik at ein kan rettleie kvarandre, seier Berger.