Anders Fannemel gjennomførte ein jamn og stabilt god konkurranse i polske Wisla denne helga, og vart nummer 11 -berre 15 poeng bak vinnaren Roman Koedelka frå Tjekkia. Dette etter å ha trøbla litt både i dei siste konkurransane og i treningsomgangane i Polen.

-  Det var ein ganske bra konkurranse på fredag. Eg fekk det ikkje til i det heile teke på den offisielle treninga, men så løsna det heldigvis ein del i rennet, seier Fannemel til Fjordingen.

Tett rennprogram

Og det er ikkje berre, berre for Fannemel og andre hopparar som byrjar å slite med teknikken midt i sesongen. Det er lite rom for terping og justeringar.

- Eg har ikkje fått hoppa ei einaste treningsøkt sidan før Hoppuka, så eg håpar å få hoppa litt den veka her for å få på plass det siste som manglar. Då kan det bli ei bra avslutning på sesongen, seier Fannemel.

-Kva tykkjer du om at det blir slik?

- Det blir sånn når konkurransane kjem så tett. Det er eigentleg greit, men av og til kunne det vore fint å få hoppa ei god økt, seier han.

Til helga ventar to nye konkurransar i Titisee-Neustadt før sesongen vert avslutta i den slovenske skiflygingsbakken i Planica 17.-20. mars. Fannemel ligg i skrivande stund på 11. plass i verdscupsamandraget.