Volda vert truleg kommunesenter dersom kommunane Stryn, Hornindal og Volda slår seg saman.

For første gong stilte dei tre kommunane med kvar sine forhandlingsutval onsdag, i det som var det første reelle forhandlingsmøtet om ein intensjonsavtale mellom kommunane Stryn, Hornindal og Volda. I utkastet til intensjonsavtale som låg på bordet ligg Volda inne som kommunesenter, men lokalisering av kommunesenter var ikkje tema i onsdagens møte.

Heller ikkje namnet på ein eventuell storkommune over fylkesgrensa er bestemt. Men stryneordførar Sven Flo sa at partane er samde om verken å komplisere eller finne opp nye namn.

-B åde Volda og Stryn er sterke merkenamn, sa Flo.

Forhandlingsutvala kom ikkje i mål med nokon intensjonsavtale onsdag, men er samde om å ta strukturen i dei tre kommunane med inn i ein ny kommune.

- Det betyr at vi tek med oss eksisterande skular og omsorgssentra inn i den nye kommunen. Det skal i alle fall ikkje vere samanslåing som er årsak til eventuell nedlegging av noko tilbod i framtida, seier Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal.

Dei tre forhandlingsutvala er samde om nytt møte 1. april. Då møtest partane i Volda, og til det møtet skal rådmennene ha jobba vidare med kvar dei ulike kommunale funksjonane skal vere lokaliserte i ein stor-kommune.

For Stryn er oppretthalding av Stryn vidaregåande skule svært viktig.

- Vi må utfordre fylkeskommunen på dette, seier Sven Flo. Jørgen Amdam, ordførar i Volda, seier dei vidaregåande skulane i Volda og Stryn vil utfylle kvarandre. Det eksisterer allereie samarbeid mellom Stryn vgs og høgskulen i Volda.

Dei tre forhandlingsutvala er samde om at utkantane i kommunane er viktige og at det skal leggjast til rette for å oppretthalde aktive grender også i ein storkommune.

Sjølv om Eldar Engleund (Sp) utpeikar seg som den største skeptikaren i alle fall i forhandlingsutvalet i Hornindal, er både han, Randi Langlo (Ap) og Stig Olav Lødemel (H) samde om at Hornindal er betre tent med å gå saman med Volda og Stryn enn berre Stryn.

Stig Olav Lødemel seier at det å stå åleine ikkje er noko alternativ, og berre å slå seg saman med Stryn monnar lite. Stryn, Hornindal og Volda vil utgjere oppunder 18.000 innbyggjarar. Om Ørsta seier nei til samanslåing med Volda når kommunen inviterer til folkeavrøysting, trur Lødemel likevel at Ørsta vil bli med i ein framtidig storkommune.