(NPK): Det er flest svømmedyktige unge i Sogn og Fjordane, og fleire gutar enn jenter kan svømme, ifølgje ei ny landsdekkjande undersøking.

Kvart år må 60.000 17-åringar svare på eit omfattande spørjeskjema frå Forsvaret. Der blir dei mellom anna spurt om høgd og vekt, om dei kan svømme 200 meter og kor mykje dei trenar.Resultata syner at flest gutar og jenter i Sogn og Fjordane kan svømme 200 meter, melder Statistisk sentralbyrå (SSB). Oslo og Finnmark er derimot nedst på lista rangert etter fylke, der det står mest dårleg til med svømmeferdigheitene til jenter og gutar. Tala syner òg at det er flest gutar som svarer at dei kan svømme 200 meter.

Svømmeopplæring i skulen kan vere eit viktig bidrag til å jamne ut forskjellar i tale på svømmedyktige mellom grupper av ungdommar, på tvers av kjønn og kultur. Tilgang på symjehallar kan også vere viktig, både for opplæring i regi av skulen og på fritida. Sogn og Fjordane ser ut til å ha lukkast når det gjeld å lære born og unge å svømme. Kan dei andre fylka ha noko å lære av dei? spør ein på nettstaden til SSB (©NPK)