Skal det vere lov å nytte el-syklar i utmark? Nei, er svaret frå Stryn kommune i høyringsfråsegna som dei sender Miljødirektoratet.

Den administrative tilrådinga frå miljøvernleiar Odd Rønningen konkluderte med at Stryn kommune burde stille seg bak forslaget om å legalisere bruk av el-sykkel i utmark ved å gje forskrifta slik ordlyd: "Bruk av motorisert kjøretøy som etter vegtrafikklovgivningen regnes som sykkel er tillatt på veg i utmark."

Torstein Tvinnereim (V) fremja forslag om å ta vekk dette avsnittet frå tilrådinga. Ved røysting fekk framlegget frå Tvinnereim fire røyster, medan tre røysta for tilrådinga. Høyringsfråsegna vart deretter samrøystes vedteken.