Maria Storevik frå Stryn reiser i fotefara til utvandra nord- fjordingar når ho i juli dreg til USA som reiseleiar.

Engelsklektoren er med som reiseleiar for andre gong når Fotefar Temareiser legg ut på si reise til Midtvesten i USA.

– Eg likar å hjelpe folk, passe på at dei får den informasjonen dei treng, finn fram, i det heile har det bra. Og så likar eg å reise. Veldig godt! seier ho. Tilfeldigheitene gjorde at nettopp i Decorah i USA, ein av byane som står på reiseruta, støytte Maria på Rasmus Sunde, grunnleggjaren av Fotefar Temareiser og guide på USA-turane. – Eg deltok på eit engelskkurs for lærarar i regi av Norge-Amerika-foreininga, og kven andre møtte eg på gata i Decorah enn Rasmus, seier Maria.Rasmus Sunde er pensjonert førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har doktorgrad om utvandringa til USA. Han underviste ved høgskulen i Sogndal då Maria studerte historie der, og no er den tidlegare studenten hans hyra inn som reiseleiar.

Spurde etter kjentfolk

Turen går i grove trekk frå Minneapolis i Minnesota via Madison i Wisconsin til Decorah i Iowa, altså gjennom tre statar med mykje norsk innvandring.

Då Maria var med som reiseleiar i fjor, opplevde ho sterke møte med nordfjordætta amerikanarar. – Fleire vart svært begeistra då dei høyrde vi var frå Nordfjord. Vi var mellom anna på ei norsk gudsteneste i Minneapolis, og deltok på kyrkjelunsjen etterpå. Der møtte vi ei som heitte Heggdal. Ho var i 80-åra, snakka framleis nordfjording og spurde etter kjentfolk frå Innvik. Vi møtte også ein som slekta frå Eid, som spurde etter folk frå distriktet, fortel ho.Den store, nordiske festen i Decorah går av stabelen medan reisefølgjet er der, og det vert sjølvsagt stor festivitas med parade, bunadar og det heile. – I år er det 50-årsjubileum, så då blir det nok litt ekstra, seier Maria Storevik.

Kvardagslivet

Dette er ingen tur til den glamorøse delen av USA, med Disneyland og Hollywood.

– Dette er kvardags-USA. Ein får sjå, møte og oppleve slikt ein ikkje opplever om ein reiser åleine. Små perler som å bli invitert på kyrkjelunsj i kjellaren på den lokale kyrkja, eller ete kjøtkaker med Sons of Norway, seier Maria, som sjølv opplevde å få spørsmål om ho hadde lyst til å «lære seg å bake løfser». – Du besøkjer småplassar. Madison og Minneapolis er sjølvsagt store, men Decorah er ein liten by med små forhold. Litt sånn at du kjem inn ein stad og lurer på kvar du skal vere, så ser dama bak disken opp og seier «ah, you are norwegian, over there!» og peikar dit du skal, fortel reiseleiaren.

Nordisk Fest: Frå paraden under den nordiske festen i Decorah, som er noko av det Maria og reisefølgjet hennar får oppleve. Foto: Privat

Skape gode opplevingar

Maria Storevik er lektor i den vidaregåande skulen, småbarnsmor og treningsinstruktør i eit treningsstudio.

– Og så tek du på deg å vere reiseleiar i tillegg?– Ja, men dette er reine rekreasjonen! ler Maria, før ho legg til at sjølvsagt er det ein jobb. – Du har faste oppgåver, og du må vere tilgjengeleg for å ordne opp for alle. Du kan få sjukdom å ta hand om, du kan ikkje vere sikker på å få sove heile natta, for å seie det slik. Men det er ein utruleg kjekk jobb, seier Maria. – Eg er veldig glad i å reise, så dette å få oppleve nye plassar er ei stor glede for meg. Men å få ta del i at andre gjer dette, og å vere med på å gjere det til ei god oppleving for dei, det er også ei stor glede!