Uveret Tor var verst på kysten, men vinden bles ned fleire tak i indre Nordfjord i går kveld.
I Stryn for taket av Thor Tenden Lagerhall.
- Eg veit ikkje om nokon skade etter uveret, så det har heldigvis gått bra, seier teknisk sjef Jan Flore i Stryn kommune. Fleire stader var straumen vekke i kortare eller lengre periodar.
I Hornindal sørga kraftige vindkast for at deler av taket på ein eldre del av driftsbygningen til Ove Bruheim bles av.
- Bortsett frå taket som bles av, har vi ikkje fått melding om nokon store ting. Så det har gått bra, seier ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel. Han fortel at deler av bygda var utan straum fredag kveld.
Riksveg 60 mellom Utvik og Innvik var i ein periode stengt på grunn av fleire tre i vegen fredag kveld.
Har du fleire bilde frå uveret, send inn til: redaksjon@fjordingen.no eller 40402140