Politiet hadde i ettermiddag fartskontroll i 60-sona forbi Honndalshallen/Hornindal skule.
Der vart det teke beslag i to førarkort. Det eine tilhøyrde føraraen av eit vogntog som heldt 90 km/t i 60-sona, det andre tilhøyrde føraren av ein varebil som heldt 96 km/t.
Det vart også skrive ut to forenkla førelegg, der farten var målt til høvesvis 81 og 82 km/t.
Alt vart vedteke på staden.