Grillsesongen er i full gang, og Norsk Brannvernforening minner om å hugse på tryggleiken ved grilling.

I Innvik vart det fredag kveld full fyr i ein søppledunk utanfor Matkroken, ikkje langt frå beninstasjonen. Det viste seg å vere ein eingongsgrill som var årsak til brannen. Årvakne forbipasserande såg flammane som sto til vers og fekk sløkt brannen.

Norsk Brannvernforening har desse råda ved bruk av eingongsgrill:

Sørg for at grillen vert plassert på eit ikkje-brennbart underlag. Eingongsgrillane blir svært varme på undersida, og kan antenne underlaget.

Etter grilling, pass på at eingongsgrillen er skikkeleg sløkt og avkjøla med vatn.

Ta grillen med på ein forsvarleg måte og la han stå utandørs over natta før du kastar han i søppelet.