Om knappe tre veker smell startskotet for den sjette utgåva av ultrafjelløpet Hornindal Rundt. Løpsleiar Amund Sverre Tomasgard og styreleiar Lars Alv Haugen harvore ute i traseen og sjekka snøforholda.

Arrangørenkonstaterer at ein framleis kan «grave seg ned i tide». Det vertsagt at det ikkje har vore så mykje snø i fjella på 57 år.

- Snøforholda gjer at vi truleg må gjere enkelte omleggingarav traseen, og løparane må også tenkje på snøsokkar/gamasjar. Ein tinger sikkert, Norges tøffaste fjelløp blir tøffare enn nokon gang, seier Svein Otto Espe hos arrangøren.