Ein ung mann frå Stryn er dømd til 45 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar etter å ha blitt målt til 133 km/t i ein UP-kontroll på E39 i Gloppen i februar i år.  I staden for å stoppe for politiet svingte sjåføren over i motsett køyrefelt og stakk av frå kontrollen. Han vart funnen att ved ein matbutikk på Byrkjelo få minutt etter. I politiavhøyr har han erkjent køyringa, men i retten sa han at politiet må ha målt ein annan.

Mannen viste til kontoutstkrift som fortel at han hadde handla i butikken fem minutt etter at han skulle ha passert kontrollposten. I følgje mannen sin forsvarar vil det med lovleg fart ta fire minutt og 15 sekund å køyre frå kontrollposten til butikken. I følgje UP vil same strekninga gå unna på tre minutt i ein fart av 124 km/t. Dermed ville det vere fullt mogleg å køyre strekninga og kjøpe brus og chips som mannen hadde handla.

Retten festa ikkje lit til tiltalte sin forklaring, men dømde han for fartsoverskridinga. Mannen må i tillegg til å gjennomføre samfunnsstraff betale 2.000 kroner i sakskostnader og klare seg utan førarkort i 12 månader. Han må ta full ny førarprøve for å få tilbake retten til å køyre bil.