- Nordfjord Havn har vilje og økonomiske musklar til å gjennomføre utbygging på Myklebusttomta og andre landbaserte tiltak. Men det er alfa og omega at vi får innspel frå bygdefolk og aktørar som ønskjer å tene pengar på cruiseaktiviteten. Vi ønskjer å leggje til rette og så får andre drive butikk, sa avtroppande styreleiar Stig Oldeide på folkemøtet i Olden.
Nordfjord Havn IKS har starta arbeidet med forprosjekt som skal kartlegge bruken av Myklebusttomta.
- Tidsskjemaet seier at forprosjektet skal vere klart på ettersommaren 2016. Frå kommunen si side er det lovd at reguleringsplanen skal vere ferdig hausten 2016. Det betyr at vi har unik moglegheit ti å byggje opp eit mottak for turistar heilt frå scratch, hevda Stig Oldeide.