Skiskyttaren Johan Eirik Meland, Markane IL, har saman med sju andre løparar starta privatlaget Team Skistua Hemsedal. Laget er sett saman av fire eldre juniorar og fire yngre seniorar. Meland tilhøyrer siste kategori og skal igang med sin første seniorsesong denne vinteren.

- Bakgrunnen er at vi ville lage eit litt meir spissa opplegg enn det vi får med det som tidligare har vore Team Statkraft Lillehammer kategori 2. Fleire av oss takka nei til det, for å vere med på Team Skistua Hemsedal, fortel Meland. Han er også svært nøgd med trenaren dei får med seg.

– I tillegg til litt sponsorinntekter og utstyrsavtalar, fekk vi kontrakt med trener Kjartan Helland. Han har en rå treningsfilosofi, noko som betyr at vi er det teamet i landet som trenar desidert hardast, seier Meland. Basen skal framleis vere Lillehammer.

Løparar på laget:

Anders Trønsdal LyngstadEspen SonflåHåkon LivikJohan Eirik MelandSondre BollumMartin BårtveitAmund OwrenAnders Sommerstad Juveli