I dag spelar Stryn sitt damelag i handball den tredje siste kampen for sesongen. Før helgas kamp ligg dei rett over nedrykksstreken på 7. plass, men med lik poengsum som Os på 8.

Det er Kjøkkelvik som er motstandar. Dei ligg på 9. plass, seks poeng bak Stryn men med to kampar mindre spela.

Neste helg ventar ny heimekamp mot Gneist før avslutning borte mot Bjørnar 2. april. Gneist er på papiret det laget som skal skape mest bryderi for strynedamene. Dei ligg på fjerdeplass, fem poeng føre Stryn med ein kamp mindre spela. Bjørnar ligg på 10. plass.

Når det gjeld herrelaget til Stryn skal ikkje dei i aksjon før neste helg, då ventar heimekamp mot Bergen Vest. Også dei avsluttar borte mot Bjørnar 2. april.