Ei rekkje innbrot i bustader på Sunnmøre den siste tida gjer at politiet også i indre Nordfjord ber folk passe på eigendelar utandørs samt låse hus, garasje og bilar.

- Førre natt er det gjort observasjonar av køyretøy som har opptrådt mistenkeleg. I dette tilfellet snakkar vi om ein mørk varebil. Ser ein mistenkelege bilar og særleg varebilar på sein kveldstid og nattestid, bør ein kontakte politiet. Ta gjerne registreringsnummer og kontakt politiet på telefon 02800. Gjennom vitneobservasjonar og tips er det enklare å avdekkje denne type kriminalitet, seier politibetjent Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.