Johannes Thingnes Bø er verdas nest beste skiskyttar i år. Dette vart klart då sesongen vart offisielt avslutta i Khanty-Mansiysk i dag.

Med 2. plassen i går sikra Johannes seg også 2. plass i verdscupen samanlagt. Tarjei Bø kom på 6. plass i den totale verdscupen, og dei to brørne vekkjer såleis oppsikt med sine gode plasseringar. To brør på topp seks i verdscupen er ikkje kvardagskost i nokon idrett. I fjor vart Johannes nummer 5, og Tarjei nummer 19.

To på topp seks: Både Tarjei t.v. og Johannes er å finne på topp seks i verdscupen denne sesongen. Foto: Tom-Vegard Feltstykket

Dagens fellesstart vart avlyst på grunn av sterk vind. Tidleg på dagen varsla arrangørane utsett start på grunn av vinden, av frykt for at greiner og tre skulle blåse over løypa. Då ei lysmast bles overende inne på stadionanlegget, vart det heile kansellert.

Sjå lysmasta blåse over ende på nrk.no.

Verdscupen vart vunnen av suverene Martin Fourcade. Den totale lista for verdscupen samanlagt kan du sjå her.