Dersom Stryn formannskap på møtet onsdag fylgjer den administrative tilrådinga, vil  Breimsbygda skisenter få avslag på søknaden om tilskot på 50.000 kroner til oppkøyring av langrenn- og turløyper på Utvikfjellet.

I søknaden frå Breimsbygda skisenter vert Stryn kommune, som eig 17,33 prosent i skisenteret på Utvikfjellet, utfordra til å yte eit fast årleg tilskot. Men det vert frårådd av sakshandsamar.

- Stryn kommune kan ikkje binde kommunale økonomiske ressursar for framtida. I dette tilfelllet ligg heller ikkje føretaket i Stryn kommune. Breimsbygda skisenter er heller ikkje ein del av Stryn kommune sin plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2013-2016, heiter det i vuderinga. Som konkluderer med fylgjande tilråding: Søknaden frå Breimsbygda skisenter om årleg tilskot på 50.000 kroner vert ikkje imøtekomen.