Rådmannen i Stryn meiner statsbudsjettet sitt framlegg ikkje fremjer vekst og utvikling i Stryn kommune eller i fylket forøvrig, snarare tvert imot.
- Statsbudsjettet gir ingen drahjelp for kommunebudsjettet inn mot 2017. Veksten er mindre enn den pårekna deflatoren og dermed representerer statsbudsjettet eit reduksjonsbehov i staden for å fremje vekst og utvikling. Samanlikna med landet for øvrig kjem heile fylket dårleg ut, seier rådmann Per Kristian Storevik.
Innbyggjartal sterkt vektlagt
Han meinar det er fleire grunnar til at Sogn og Fjordane kjem dårlig ut, men peikar først og fremst på folketalsutviklinga.
- Det er byane og dei mest urbane strøka med stor folkevekst som blir vinnarar. Etter endringane i inntektssystemet til kommunane er innbyggartal og utviklinga av dette sterkare vektlagt enn kommunen som eining, seier Storevik
- Vil Stryn kommune si tenesteyting bli påvirka om budsjettframlegget blir slik det ligg føre, tror du?
- Dei lovbestemte tenestene som kommunen skal ivareta vil alltid ha prioritet når økonomien hardnar til. Utfordringa vil vere å kunne følgje opp alle dei tiltak og prosjekt som fremjar livskvaliteten i lokalsamfunnet, seier Storevik.
- Sentraliserande
Han legg ikkje skjul på at han er skuffa over at distrikta blir skadelidande til fordel for meir urbane strøk.
- Eg tykkjer budsjettframlegget virkar sentraliserande og rokkar ved prinsippet om likeverdige tenester over heile landet. Innbyggartalsutviklinga blir veldig avgjerande framover, noko som igjen heng nøye saman med utviklinga av arbeidsplassar, seier Storevik.