I helga spelar regionslaga i 16 årsklassen i volleyball NM i Kringsjåhallen i Oslo. Hornindal IL stiller med Elias Lødemel.

Lødemel speler for 17- årslaget til KFUM Volda denne sesongen, og det er grunnen til at han er teken ut på regionslaget til Møre og Romsdal. Saman med spelarar frå Volda, Blindheim og Molde utgjer han laget som legg lista høgt etter at dei tok sølv for regionslag i fjor.

Assistenttrenar Rune Bernås meinar Elias Lødemel spelar ei sentral rolle i angrep. Med sine 187 cm skal han sørge for mykje av slagkrafta til laget.