(NPK): Samferdselsministeren starta tysdag sin turné landet rundtfor å få innspel til Nasjonal transportplan.

- Vi ønskjer innspelog synspunkt frå mange ulike hald i arbeidet vårt med ny Nasjonaltransportplan (NTP). Dei neste månadane vil vi difor reise land ogstrand rundt for å lytte, seier samferdselsminister KetilSolvik-Olsen i ei pressemelding.

I slutten av februar tokSolvik-Olsen imot det faglege grunnlaget forSamferdselsdepartementet sitt vidare arbeid med Nasjonaltransportplan 2018– 2029. Grunnlagsdokumentet er utarbeida avJernbaneverket, Kystverket, Statens vegvesen og Avinor AS påoppdrag for Samferdselsdepartementet.

– No er vi fullt inne iprosessen på politisk hald, seier Solvik-Olsen. Den nye nasjonaletransportplanen skal bli lagt fram for Stortinget våren 2017.Fyrste reisemål for NTP-turneen er Agder-fylka, der NHO arrangerereit innspelsmøte for næringslivet. Deretter er det innspelsmøte iHordaland 7. april, og i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 9.mai. (©NPK)