Det første snøskredet har gått i Gjølmunna etter at sikringsvollen vart ferdigbygd i fjor haust.

- Skredet som gjekk i byrjinga av mars var ikkje av dei største som kan gå her, seier Krister Kristensen ved Norges Geotekniske Institutt (NGI).

- Heile poenget med sikringsvollen er å lede skredet til side for område ein ønskjer å sikre. Det hadde ikkje blitt noko katastrofe med dette snøskredet, men det  gjekk nokså langt ned. Hadde det gått rett fram ville det nok kome ubehageleg nær. Det er likevel  interessant å sjå korleis vollen verkar. Sikringsvollen er dimensjonert til store skred, og skal sikre mot "1000-års skredet". Vi ser no at vi har kontroll, og vil fortsatt ha god plass til fleire skred dersom dei skulle kome.

Heile anlegget er 520 meter langt, der sjølve ledevollen er 360 meter lang og 22 meter på det høgaste. NGI har vore skredfagleg rådgjevar og NVE har bygd ledevollen for å sikre eksisterande busetnad. NVE har betalt 80 prosent av kostnaden på om lag 16 millionar kroner. Resten er ein såkalla distriktsandel fordelt mellom kommunen og Hotel Alexandra.