Det var stor høgtid under eit elles ordinært årsmøte i Stryn Turn & IL tysdag kveld. Eit stykke ut i det tradisjonelle årsmøteprogrammet med årsmelding, gjennomgang av rekneskapen og budsjett vart dei frammøtte bedne om å flytte seg til eit anna lokale for å vere med på det som vart kalla ein "spesiell seanse".

- Behageleg sjokk

Få visste kva som venta, og kanskje aller minst han som skulle vise seg å vere hovudpersonen i det heile.

- Dette kom som eit sjokk, men eit behageleg sjokk, uttrykte ein tydeleg rørt og takksam Jonn Beinnes etter å ha motteke Kongens Fortenestemedalje frå ordførar Sven Flo.

Frå hagelag til idrettslag

Før utdelinga presenterte Flo ei rekkje av verva og den innsatsen Beinnes har lagt ned i lokalsamfunnet. Ikkje har han berre vore Mr. Stryn T & IL som ordføraren titulerte han, som formann i meir enn 20 år, men også ei lang liste over andre engasjement med imponerande breidde. Verv innan Røde Kors, politikk, hagelag, song og musikk var berre noko av det som vart drege fram.

Rein skjorte

Også kona til Jonn, Synnøve Beinnes, fekk blomar og vel fortent takk for innsatsen ho har lagt ned og som i sin tur har gjort det muleg for mannen å bruke så mykje tid på aktivitetar som har kome lokalsamfunnet til gode. Det var Oddrun Frausing som delte ut blomane på vegne av idrettslaget. Ho var ein av fire som hadde spela inn Beinnes som kandidat til utmerkinga.

Som sagt var det berre nokre få som visste om utdelinga som fann stad tysdag kveld.

- Eg trudde kona mi visste noko, for ho insisterte på at eg måtte ta på meg ei rein skjorte. Men det gjorde ho visst ikkje likevel, smilte Beinnes før han kunne kose seg med kaffi og marsipankake som var laga for anledninga.

Det var laga flott marsipankake i høve feiringa av medaljemottakaren.