Stryneordførar Sven Flo har retta eit brev til Samferdsledepartementet ved statsråd Kjetil Solvik-Olsen vedkomande Konseptvalutgreiinga (KVU) for Riksveg 15 Strynefjellet. Han er særs nøgd med at det i handlingsprogrammet 2014-2017 er avsett ein vesentleg sum til planlegging først i perioden som kan nyttast til ei framtidsretta løysing.

Ordføraren gjer det klart at næringslivet ikkje toler kostnadene ein eventuell ny runde med stenging vil medføre for alternativt å strosse eksisterande tunnelar. Det er viktig å kome vidare med permanent løysing, poengterer han.

Det vert m.a peikt på at Riksveg 15 er einaste ferjefrie heilårssamband aust-vest mellom Storfjorden og Sognefjorden. Det er ikkje aksepatabelt å gå tilbake til eller å verte avhengig av ferje på vinterstid, anten det er via Sogn eller Romsdalen, meiner ordføraren som også argumenterer for vidare vekst i landsdelen. Ved val av konsept må det vektleggast at Riksveg 15 er einaste reelle alternativ for dette området, skriv ordføraren mellom anna.